Kundeoppdrag
Prohjul
Nettside for dekkforhandlar i Tretten med tilbodsskjema basert på registreringsnummer og levering over heile Noreg.

- Utfordringa
- Ein nystarta dekkforhandlar trong ein stad på nett der kundane kunne sjå kva som blei tilbydd og enkelt be om pris, utan å måtte ringe.
- Løysinga
- Mørk og roleg nettside med tenestekort, tilbodsskjema der kunden berre skriv inn registreringsnummer, sesong og om dei vil ha felgar, og tydeleg kontaktinformasjon med opningstider.
- Resultatet
- Ferdig nettside i drift på prohjul.no, der førespurnadene går rett til kunden sin e-post.
Designa og utvikla komplett nettside for Prohjul, ein nystarta dekkforhandlar i Tretten som sel sommardekk, vinterdekk og felgar, og tilbyr dekkomlegging, montering og avbalansering. Kunden ønskte å halde på det mørke uttrykket med raudt, sølv og gull frå eigen marknadsføring, men i ei rolegare og meir truverdig form. Prosjektet inkluderte eit tilbodsskjema der feltet for registreringsnummer er utforma som eit norsk bilskilt, tenestekort som snur seg i 3D for å vise detaljar, og ein scroll-animasjon i toppen av sida. Sida har òg ein eigen del om kven som står bak bedrifta, og lokal SEO med strukturerte data. Bygd med Next.js, Tailwind CSS og Framer Motion.