Tilbake til porteføljen

Kundeoppdrag

BLINK studio

Nettside med timebestilling og admin-panel for vipper- og brynsstudio i Ørsta.

Skjermbilete frå BLINK studio
Utfordringa
Eit nystarta vippestudio tok imot alle bestillingar på DM og telefon, og hadde ingen faste opningstider på grunn av turnusarbeid og studium.
Løysinga
Nettside med timebestilling der eigaren sjølv legg ut ledige tider, automatiske e-postar med kalenderinvitasjon og påminning, og eit admin-panel med kalender for bestillingar, tider og behandlingar.
Resultatet
Ferdig nettside i drift på blink-studio.no, der kundane bestiller og avbestiller sjølv, og eigaren styrer alt frå admin.

Designa og utvikla komplett nettside for BLINK studio, eit nystarta studio for vippeløft, vippeextensions og brynsbehandlingar i Ørsta. Prosjektet inkluderte eit eksklusivt spa-uttrykk bygd på kunden sin eigen logo, med glitterdetaljar henta frå stjerna i logoen. Kundane bestiller time direkte på nett, og får stadfesting på e-post med kalenderinvitasjon, påminning 24 timar før og avbestillingslenke. Sidan eigaren ikkje har faste opningstider, legg ho sjølv ut ledige tider i eit admin-panel med kalendervising, der ho òg styrer behandlingar, prisar og varigheit. Bygd med Next.js, Tailwind CSS og Supabase.

Next.jsTailwind CSSTypeScriptSupabase
Besøk nettsiden blink-studio.no

Fleire prosjekt

Sjå alle prosjekta