Kundeoppdrag
Shvets Nordic Service
Nettside for rengjerings- og flyttefirma i Oslo med priskalkulator, dato-førespurnad og Google-omtalar.

- Utfordringa
- Eit nystarta rengjerings- og flyttefirma trong ei profesjonell nettside som bygde truverd, synte prisar og gjorde det enkelt for både privatkundar og bedrifter å be om tilbod.
- Løysinga
- Nettside med eigne seksjonar for privat, bedrift, flytting og tilleggstenester, priskalkulator med adresseoppslag og køyreavstand, kalender for dato-førespurnad, kontaktskjema og automatiske Google-omtalar.
- Resultatet
- Ferdig nettside i drift på shvetsnordicservice.no, med lokal SEO og innhald tilpassa firmaet sine eigne tenester.
Designa og utvikla komplett nettside for Shvets Nordic Service, eit nystarta firma som tilbyr rengjering, flytting, varetransport og montering i Oslo og omegn. Prosjektet inkluderte ein interaktiv priskalkulator med adresseoppslag og automatisk utrekning av køyreavstand, ein kalender der kundane sender førespurnad om ønskt dato, kontaktskjema som sender henvendingar rett til kunden sin e-post, og Google-omtalar henta automatisk frå bedriftsprofilen. Sida er delt i eigne seksjonar for privatkundar, bedrifter, flytting og tilleggstenester, med eit biletgalleri frå utførte oppdrag, lokal SEO og full mobiltilpassing. Bygd med Next.js og Tailwind CSS.